April 10, 2024

Mari Kvien Brunvoll & Stein Urheim with Moskus (Anja Lauvdal, Fredrik Luhr Dietrichson, Hans Hulbækmo)
May we go on just creating with our own hands

About the release

Dette prosjektet kom i stand i samarbeid med Vossa Jazz og hadde urpremiere der i 2023. Det er Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll som har skrive musikken og teke initiativet, men trioen Moskus har vore med å arrangera og forma ut musikken. Musikken er no spelt inn og blir gitt ut på Hubro med slippdato 09.august.

Moskus har på kort tid etablert seg som ei leiande kraft i det norske musikkmiljøet. Som trio har dei motteke fire Spellemannsnominasjoner fordelt på fem studio-album. I skjeringspunktet mellom minimalisme, avant-garde, ambient og jazz har den akustiske trioen med sin særeigne kjemi funne fram til et unikt uttrykk med leiken musisering og kreativt samspel.

Pianist Anja Lauvdal er ein av landets mest aktive, ettertrakta og allsidige musikarar og komponistar. Ho er mellom anna musikalsk leiar for hyllest-konserten til Joni Mitchell som nyleg besøkte Grieghallen og Stavanger Konserthus. I tillegg består trioen av trommeslagar Hans Hulbækmo frå Atomic og Broen og bassist Fredrik Luhr Dietrichson frå Morgonrode og Moenje.

I Moskus er dei likeverdige medlemar som vekslar mellom fri improvisasjon og utforsking av komponert materiale, og her har dei med seg to leikekameratar til – bergensyndlingane Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll. Også dei har imponerande karrierar kvar for seg. Dei er begge velsigna med musikalitet i bøtter og spann og har dessutan kvar sin unike signatur som gjer lett å kjenna igjen og umogleg å erstatta.

Det opne og improvisatoriske går igjen i musikken til Brunvoll og Urheim. Duoen har alltid vore interessert i å blanda det kjende og det ukjende i sine låtar, både i tekstar, komposisjonar og klangar. Dei arbeider ofte utan fast oppskrift og endar gjerne opp med undrande, nysgjerrige låtar som både fenger og utfordrar. Musikken er tradisjonell, eksotisk og tiltalande på ein gong, og spelegleda er både leiken og smittande.

Musicians

Mari Kvien Brunvoll - vocals, electronics, percussion, zither, glockenspiel
Stein Urheim - vocals, guitars, flutes, electronics
Anja Lauvdal - piano, synth, harmonium, electronics, vocals
Fredrik Luhr Dietrichson - upright bass, cello, whistling, vocals
Hans Hulbækmo - drums, percussion, recorder, harmonica, tabla machine, vocals

Links

From frontpage

News

Norway at Jazzahead

Liv Andrea Hauge Trio, Hilde Louise Asbjørnsen Quartet, Oddgeir Berg trio and Trondheim Jazz Orchestra with Marianna Sangita Røe are the Norwegian artists in Jazzahead's official showcase program this year. Norsk Jazzforum and Music Norway will as usual be present at the trade fair area.